gift_img
BELIGGENHET
Gatenavn: Øvre Ole Bulls plass 6

Det Vestnorske Teateret er eit teater for alle som bur i Vestlandsregionen.

Vårt teaterhus ligg midt i Bergen sentrum (i ærverdige Logen), Ole Bulls plass 6, som ligg like ved den blå steinen. Her spelar vi våre framsyningar for publikum i Bergen og tilreisande gjester. Du finn oss også ute på turné i Vestlandsregionen.

Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater og vart etablert i 1988. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Det Vestnorske Teateret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske.

Drifta vert i all hovudsak finansiert av Staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune.